Gå til sidens hovedinnhold

Rekordmykje råkøyring og ruskøyring i 2020

Aldri før har så mange vorte tekne for råkøyring og ruskøyring som i 2020. Ei av årsakene kan vere bruken av heimekontor, seier sjef for Utrykkingspolitiet.

– Mange har hatt heimekontor og kanskje hatt større tilhug til å drikke alkohol. Og kanskje òg setje seg i bilen dagen etter at dei har drukke, seier UP-sjef Steven Hasseldal til P4-nyheitene.

I fjor vart 3.212 bilistar melde for ruskøyring i Noreg, 14 prosent fleire enn i året før. Og i år ser talet på ruskøyrarar som blir tekne, ut til å auke igjen. I utgangen av november var 150 fleire tekne enn på same tid i fjor, sjølv om det av smittevernomsyn har vore færre ruskontrollar enn vanleg.

Samtidig er fleire tekne for å køyre for fort. I slutten av november var 105.000 tekne for råkøyring, mot 94.000 på same tid i fjor.

Les også

Fekk 6400 kroner i bot og seks prikkar i sertifikatet

Les også

Mista lappen på E39

Kommentarer til denne saken