Gå til sidens hovedinnhold

Rekordmange køyrer opp, men det er framleis etterslep frå 2020

I dei første fire månadene av 2021 har Vegvesenet gjennomført 18 prosent fleire oppkøyringar enn i same tidsrom i 2019. Mange må likevel vente lenge.

Etterspurnaden etter oppkøyringar er framleis stor, og det er ingen teikn til nedgang, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Dei opplever stor mangel på sensorar, men er i god gong med å tilsetje nye.

– Pandemien har spesielt gitt auka behov for førarkort i dei større byane. Den høge etterspurnaden er spesielt krevjande å handtere saman med avgrensingane som pandemien gir oss, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i Vegvesenet.

I dei første fire månadane i år har det vorte gjennomført 48.201 oppkøyringar, mot 25.441 i same periode 2020, og 40.885 i 2019.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken