– Gjennom heile vår 27-årige historie har vi aldri booka så mange artistar til å opptre som i år, seier altmoglegmann og «potet» i Norsk Countrytreff, Freddy Sårheim Brakestad, om festivalen som går av stabelen 13-17.juli.
– Vi kan spore den musikalske arven vi skal presentere, heilt attende til legendariske «The Carter Family» på slutten av 1920-talet. Og dessutan kan vi spore arven attende til ein av dei mest legendariske artistane der ute; Waylon Jennings. Mannen som regelrett fillerista countrysjangeren då han i lag med mellom anna Willie Nelson, Johnny Cash og Kris Kristofferson la grunnlaget for Outlaw-sjangeren, seier Brakestad.
Country i genane
Frå USA kjem Carlene Carter, dotter av June Carter og Carl Smith, stedotter av Johnny Cash.
– Dette er basert på filosofien vår om å få ut dei sterke, kvinnelege countryartistane som har prega utviklinga av countrymusikken i tiår etter tiår til vårt publikum, seier Brakestad.
Festivalen har også henta barnebarnet til Waylon Jennings og Jessie Colter – Whey Jennings – ein outlawartist frå Texas som har tatt med seg både den rå sounden, dei upolerte songane og den fryktlause «no bullshit»-innstillinga til bestefar Waylon inn i musikken.
Direkte frå foten av The Great Smoky Mountains, kjem Seth Mulder & Midnight Run. Med sitt utgangspunkt frå Ole Smoky Moonshine Destillery i Gatlingsburg, Tennessee er det ein gjeng som er trufaste mot deira musikalske røter og den andakt som old-style bluegrass krev.
Store band i kø
Den norske lista av artistar er ikkje mindre imponerande: Hellbillies, Vassendgutane, Rotlaus og Gunslingers er alle band som tronar aller øvst på listene over store norske countryband, og aller fremst på scenene på samfunnshus og i kulturhus her til lands.
– Og med seg får dei ei lang rekke av det som er på veg opp, ut og fram av norske band og artistar: Benedicte Brænden, Trond Svendsen & Tuxedo, Roger Græsberg & Foreningen, Unnveig Aas, Mighty Magnolias, Åsmund Åmli Band, Ila Auto, Strengeplukk med to «lokale» karar i stryningen Nikolai Storevik og sogningen Andreas Barsnes Onarheim.
Dessutan kjem Bjørn Breilid i lag med sitt Red Jackets, Arve Hålands Cajun Gumbo, og dessutan sognebanda Longhorn, Grøftekarane og Folk Flest.
– Longhorn er «husbandet» til Norsk Countrytreff, og gamlegutane frå Lærdal får også reise rundt og spele for jamaldringane sine på eldretuna i heile kommunen! Grøftekarane vann talentkonkurransen vår i 2019, og no kjem dei attende for å vise publikum at DET var det svært god grunn til, seier Brakestad.
Gler seg til festivalliv
Frå Ørsta kjem Sivert Bjørdal, frå Torvika i Rauma kjem Nora Legrand.
Dessutan kjem Ruby Red & the Moonshine Brothers, Ingvild Flottorp, Bo Outlaw & Løiten Twang Depot, Get Rhythm, det svenske bandet HALM.
– Med dette har vi komplettert årets festivalmeny. 27 individuelle band og artistar, langt over 100 spelesugne musikarar, musikk til barnehageborn, musikk til dei eldre – både på Breim, på Sandane og i Hyen, seier Brakestad, som gler seg til timevis med musikk på festivalområdet, timevis med kultur og med kunst og med framføring, eit lass med overnattingsdøgn, cowboyfrukostar, boots og chaps, folkefest – og etter ei grå koronatid, auke i omsetnad for næringslivet og turismen i heile Nordfjord:
– Med det er vi eit langt steg i retning ei normal verd igjen, om enn berre for ei lita stund.