Gå til sidens hovedinnhold

Rekordlåge tal omkomne i trafikken i Vestland og Noreg

I 2020 mista 95 personar livet i Noreg og 7 i Vestland. Nasjonalt er det ein nedgang på 13 menneske og 4 færre i Vestland. 

– Det er vanskeleg å snakke om positiv utvikling, når så mange framleis blir ramma, kommenterer regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås i ei pressemelding.

For første gong sidan 1947 har færre enn 100 menneske mista livet i trafikken i Noreg. Talet omkomne har lege relativt stabilt rett over 100 dei siste åra. I Vestland er òg utviklinga markant historisk sett.

– Vi sit på tal frå Sogn og Fjordane og Hordaland i alle fall tilbake til 1960 som viser at det ikkje har vore færre enn 10 omkomne i denne perioden, men i 2020 var vi nede i 7 drepne. Det viser ei markant positiv utvikling over tid. Likevel minner Nestås òg om kva som ligg bak desse tala, nemleg tapte menneskeliv. Ei kvar ulykke er ei ulykke for mykje.

Regionleiaren for Trygg Trafikk i Vestland meiner det framleis er viktig å hugse på kva nullvisjonen for vegtrafikken dreier seg om: Ingen drepne og hardt skadde.

– Talet hardt skadde i trafikken i Vestland for fjoråret kjenner me ikkje enno, men ut frå erfaringstal ligg talet truleg ein stad mellom 60 og 90. Det viser at vi enno har ein jobb å gjere. Svaret ligg i å tenke breitt: Vi treng meir trafikksikre vegar, ein gradvis fornya køyretøypark og at trafikantane gjer det dei skal. Det inneber å halde fartsgrenser, vere merksame, unngå ruspåverka køyring og å bruke sikringsutstyr som belte, refleks, og lys og hjelm når ein syklar. Nestås peikar på auka satsing på trafikkopplæring og auka tal politikontrollar, og særleg Utrykkingspolitiet sin innsats, som viktig i arbeidet med å halde fram reduksjonen.

Det er framleis flest menn som misser livet i trafikken, og nasjonale tal viser at av 95 omkomne var 78 menn og 17 kvinner. Flest omkomne er det i Viken med 19 omkomne, mens Innlandet og Vestland og Telemark har høvesvis 17 og 14 omkomne.

Kommentarer til denne saken