Gå til sidens hovedinnhold

Rekord i talet på smittetilfelle i landet førre veke

I veke 11 vart det sett rekord i talet på påviste koronatilfelle i landet. I alt fekk 6.328 personar påvist koronasmitte, ifølgje FHIs siste vekerapport.

Det er det høgaste talet melde tilfelle på éi veke sidan starten av pandemien, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i rapporten.

Talet som blir oppgitt i rapporten, er noko lågare enn det som kjem fram av FHIs statistikk , som viser at 6.505 personar fekk påvist smitte førre veke.

Flatar noko ut

Talet er 12 prosent høgare enn i veke 10, men auken i talet på melde tilfelle er likevel litt mindre bratt enn i førre veker, ifølgje FHI.

Talet på melde tilfelle gjekk opp i alle aldersgrupper. Auken var størst i aldersgruppene 60–79 år (33 prosent) og 13–19 år (10 prosent). Den siste gruppa har òg flest smitta i forhold til befolkningstalet, med 207 per 100.000.

Rundt åtte av ti er smitta med den engelske virusvarianten, men delen er ulik i fylka i landet. Delen er høgast i Oslo og Vestfold og Telemark med høvesvis 89 og 84 prosent, og lågast i Agder og Nordland med 20 og 12 prosent.

Ifølgje FHI er risikoen for å hamne på sjukehus 2,6 gonger større om ein er smitta med den britiske virusvarianten.

Fleire innleggingar og døde

Også talet på sjukehusinnleggingar og talet på dødsfall har auka. I veke 11 er det førebels rapportert om 202 sjukehusinnleggingar, det nest høgaste talet på nye innleggingar på éi veke gjennom heile pandemien. Det er òg 22 prosent fleire enn den førre veka.

43 av pasientane trong behandling i intensivavdeling i veke 11, noko som er det høgaste talet i ei veke sidan slutten av mars i fjor.

– Trenden i nye innleggingar i intensivavdeling har vore aukande dei siste fire vekene, med 13 nye innleggingar rapportert i veke 8, 18 i veke 9 og 29 i veke 10, heiter det i rapporten.

Etter fire veker med nedgang auka òg talet på dødsfall førre veke til ni, mot fem dødsfall veka før.

R-talet stabilt

FHI anslår at R-talet, det vil seie kor mange personar ein koronasmitta smittar vidare, har halde seg på 1,3 sidan 2. mars, men med betydeleg forskjell mellom fylka.

I ein meir uviss modell som ikkje tek omsyn til sjukehusinnleggingar, blir R-talet estimert for ei veke sidan til 1,2.

Samtidig har talet som testar seg, hatt ein svak nedgang på 2 prosent, medan delen positive prøver har auka frå 1,52 prosent i veke 6 til 3,34 prosent i veke 11.

189.737 nordmenn testa seg for covid-19 førre veke.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken