Reiselivet på Vestlandet får 8,5 millionar kroner

Foto:

Vestland fylkeskommune har løyvd 8,5 millionar kroner til destinasjonsselskap innan reiseliv for å dempe verknadene av koronapandemien. Sunnfjord Utvikling får 340.000 kroner, medan Visit Sognefjord får 900.000.

DEL

Destinasjonsselskapa skal bruke pengane til aktivitetar som støttar og rådgir reiselivsbedrifter i ei krisetid og tiltak for å planleggje arbeidet med å få i gang att aktiviteten innan reiseliv, mellom anna marknadsførebuande tiltak.

– Dette er eksepsjonelt gledeleg. Saman med ekstra draghjelp frå Bergen kommune er dette forskjellen på å vere eller ikkje vere for vår del, på både kort og lang sikt. Då det såg som svartast ut i slutten av mars, viste faktisk prognosane våre at vi ville bli insolvente til jonsok. No ser det betydeleg betre ut, seier reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, i ei pressemelding.

Pengane går til åtte destinasjonsselskap i Vestland fylke og fordelar seg slik:

Destinasjon Voss AS: 850.000 kroner

Visit Bergen: 4.100.000 kroner

Visit Nordfjord AS: 800.000 kroner

Visit Fjordkysten AS: 400.000 kroner

Visit Hardangerfjord AS: 750.000 kroner

Sunnfjord Utvikling: 340.000 kroner

Samarbeidsrådet Sunnhordland: 360.000 kroner

Visit Sognefjord: 900.000 kroner

Artikkeltags