Fjord Norge vil ha dyrare høgsesong

STADIG MEIR POPULÆRT: Fleire og fleire utanlandske turistar vil oppleva fjordane på Vestlandet. Flåm er ein av dei mest populære attraksjonane.  Eit nytt prosjekt skal no sjå nærmare på korleis ein skal handtera den store veksten i åra framover.
Arkivfoto: Vidar Knai / NTB scanpic / NPK .

STADIG MEIR POPULÆRT: Fleire og fleire utanlandske turistar vil oppleva fjordane på Vestlandet. Flåm er ein av dei mest populære attraksjonane. Eit nytt prosjekt skal no sjå nærmare på korleis ein skal handtera den store veksten i åra framover. Arkivfoto: Vidar Knai / NTB scanpic / NPK . Foto:

Av

FYLKET: Reiselivsaktørane i pressområda på Vestlandet bør auke prisane i høgsesongen, meiner direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

DEL

Høgare prisar kan dempe noko av den sterke veksten som er venta i turisttrafikken dei kommande åra. Det kan òg vere med på å leggje grunnlaget for heilårsturisme, meiner Fjord Norge-sjefen.

– Når vi har fulle hotell heile sommaren, så må vi hente ut større verdiar. Det å setje opp prisen er ein naturleg konsekvens av at vi gjer det bra og ein naturleg del av det å vekse som turistdestinasjon, seier Jørgensen til NRK.

Han meiner ein prisauke på 10 til 15 prosent kan vere rimeleg.

Fretheim hotell i Flåm, som denne sommaren hadde eit belegg på 98,5 prosent, har auka gjennomsnittsprisen med 90 prosent dei siste fem åra. Neste år legg dei opp til ein prisauke på 3–4 prosent. Men hotelldirektør Øivind Wigand trur likevel ikkje høgare pris om sommaren er det som lokkar fleire til Vestlandet vinterstid.

– Eg trur ikkje folk kjem om vinteren dersom det blir dyrare om sommaren. Skal ein få folk hit frå april til oktober, må ein satse på aktivitetar, seier Wigand til NRK.

Artikkeltags