Heidi Vallestad driv Flatheim 4H Friluftsgard saman med Sigurd Årskaug, og var valt ut av fylkesmannen og Innovasjon Norge til å representere «Fjordnorwegen» på den store internasjonale messa.

Les også: Tredobla omsetnaden etter lovendring

Valt på grunn av utsikta

– Eg trur vi vart valt på grunn av at vi har eit spennande produkt og har hatt ei fin utvikling. Det at vi har den nasjonale turistvegen og Utsikten like ved var sjølvsagt stor hjelp. Ein av grunnane til at vi var der var for å fronte dei nasjonale turistvegane. Dei åtte turistvegane vi har i dei tre fylka (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, og Hordaland) som var representert var alle i den felles brosjyren vi hadde, og veggen bak oss hadde eit stort bilde av Trollstigen.

Det seier Heidi Vallestad.

Les også: Paret har også eit hus frå 1500-talet kor gjestar kan overnatte

Auka interesse frå Tyskland

Vanlegvis kjem det eit par hundre tusen på Grøn Veke-messa, og opplevinga frå dei som var der var at dei kom frå alle hjørne av verda.

– Alle slags folk kjem. Privatpersonar og forretningsfolk. Gammal og ung. Dei fleste er tyskarar, naturlegvis, men det er innslag frå alle slags nasjonar. Sidan eg var der har eg fått fleire nye bestillingar frå Tyskland, eg trur likevel ikkje eg ser det verkelege utslaget før sesongen kjem, seier Vallestad.

Samarbeid i staden for konkurranse

Vallestad var einaste frå Sunnfjord, mens Sogn var godt representert med fem lokale bedrifter: Vikja, Ciderhuset, Sognefjord Sjokolade, Skjolden Hotel Luster og Marås Hjort.

– Vi frå Norge hadde eit felles areal med produkt på kryss og tvers, som eit stort tilbod. Vi samarbeida om det meste, og vi har blitt godt kjende, seier Vallestad.

Dei har planar om å besøke dei andre bedriftene for å sjå korleis ein driv føretaka våre ulikt.

– Når sesongen kjem kan vi sende turistar vidare og vere sikre på at dei blir tatt godt vare på og får ei bra oppleving vidare. Eg trur turistar som får ei god heilskapleg oppleving vil styrke både turismen generelt i regionen og Flatheim, seier Vallestad.