20 stadar å vere turist i eige fylke

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Etter fleire veker med regn er vi endeleg klare for solskinnsdag og plussgrader! I den anledninga spurte vi ungdommen kva plassar dei drar for å vere turist i eige fylke. Grip sjansen til å utforske fylket, kanskje du finn ein sjeldan pokémon...!

DEL
  • Øyhopping. Bli med den lokale postbåten til spektakulære landskap i Solund, Bulandet og Værlandet.
Øyhopping i Solund

Øyhopping i Solund Foto:

  • Brukte skattar i Lærdal. Bruktbutikken på Doktorheimen i Lærdal er open kvar måndag frå 10.00-14.00 og onsdag frå 12.00 – 1800, og sel klede, sko og anna til svært låge prisar.
  • Havhesten i Florø. Badeanlegg med vakker utsikt, ope kvar dag i ferien.
  • Grotlesanden. Ca. 700 meter med silkemjuk sandstrand i Bremanger. Eit paradis i solskinsvêr!
Grotlesanden, Bremanger

Grotlesanden, Bremanger Foto:

  • Bokbyen Fjærland. Her finn du blant anna 10 forskjellige sære og tøffe bokutsal i diverse storleikar og variantar.
  • Helleristningar i Ausevika. Eit av norges største helleristningsfelt, med både lett attkjennande og meir abstrakte motiv. Gratis, med fine toalett-fasilitetar.
  • VG-lista til Førde. Så klart. 27. juli kjem blant anna Bendik, Julie Bergan, TRXD, Izabell, Iselin Solheim, Sandra Lyng og Suite16 for å spele konsert i Førde.

Iselin Solheim er blandt artistane som kjem til Førde for å opptre under VG-lista

Iselin Solheim er blandt artistane som kjem til Førde for å opptre under VG-lista Foto:

  • Guida tur til sagaøya Kinn. I havgapet vest for Florø ligg Kinn, med sine legender om helgenar og Sunnfjord si eldste steinkyrkje i vakre omgjevnadar.
  • Forfriskande kulp-dykk i sommar-"varmen". Ta deg ein tur til kulpen, i gåavstand frå Førde sentrum ved Halbrend ungdomsskule

Kulpen, Førde

Kulpen, Førde Foto:

  • Mini, Mini Bokhylla Bokby i Dale. Her kan du leike hipster med ein kopp kaffi og ei bok frå mini-bokutsalet på Allmuen i Dale
  • Kannesteinen i Vågsøy. Forma av havbølger i tusenvis av år til den no liknar ein golfball klar til avspark. Det ultimate instagram-motivet ligg i bygda Oppedal, ca. 10 km vest for Måløy sentrum. Husk solnedgang i bakgrunnen.
Kannesteinen, Vågsøy

Kannesteinen, Vågsøy Foto:

  • Tent with a view. Set opp teltet på toppen av ein fjelltopp og sjå sola gå ned i horisonten klokka eitt om natta.
Viefjellet, Førde. Frå utstillinga «Førde i Nattlyset» utstilt på Pikant

Viefjellet, Førde. Frå utstillinga «Førde i Nattlyset» utstilt på Pikant Foto:

  • Vrakdykking i Gulen. Har kan du ta dykkarkurs og komme tett på ein vegg, ein (tare)skog, eller dykke blant vrak frå 2. verdskrig.
  • Borgund stavkyrkje i Lærdal. Trekyrkja vart reist før år 1200 og er ei av dei norske stavkyrkjene som er minst endra sidan ho vart bygd.
Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje Foto:

  • Malakoff rockefestival. Få med deg denbestefestivalopplevinga på Nordfjordeid 21–23 juli, med artistar som Iggy Pop, Kakkmaddafakka og Gojira.
Malakoff, Nordfjoreid

Malakoff, Nordfjoreid Foto:

  • Høyangerbadet. Ope tysdag-søndag 12.00-18.00 og har inne – og utebasseng, vassklie, stupetårn, terapibasseng, klatrevegg, badstove og boblekant.
  • Huldefossen på Mo. Spektakulær foss og sjarmerande kyr.
  • Via Ferrata i Loen. Viss det er høgder og adrenalin-rus du er ute etter må du prøve ut klatreruta i Loen. Sjå bildeserien frå Firda Ung.

  • Sykkelsafari på Bulandet og Værlandet. Leig sykkel og gjer deg klar til å trø på kryss og tvers av det vakre øysamfunnet.
  • Refviksanden ca. 10 km frå Måløy. Den naturleg kvite sandstranda har fleire gongar vorte kåra til Norges finaste strand.

Artikkeltags