– Eg stod klar til å hoppe inn på verandaen i fall han skulle gå til angrep

NÆRKONTAKT: Denne reinen kom imot Holsen og stod berre seks meter unna etter at bildet vart teke.

NÆRKONTAKT: Denne reinen kom imot Holsen og stod berre seks meter unna etter at bildet vart teke.

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Då Arthur Holsen var på veg opp til hytta på Gulefjellet i Holsen møtte han ein reinflokk på rundt femti dyr.

DEL

– Då eg var 200 meter frå hytta på Gulefjellet, trefte eg to reinsdyr i stølsvegen. Då eg kom litt lenger opp, såg eg at det var mange dyr inne i det inngjerda området i stølskvia ved hytta, seier Arthur Holsen.

Berre éin gong for tretti år sidan har han opplevd å sjå rein i nærleiken av hytta si. Han fortel at dei den gongen var fleire hundre meter ifrå hytta, og det var berre nokre få dyr. Vanlegvis oppheld dei seg mykje lenger vest. Han fortel at møtet med flokken sist søndag var ei skikkeleg naturoppleving. Og han fekk møte dei på nært hald.

– Dei var rundt meg på alle kantar i sju minutts tid. Og den store reinen kom rett imot meg og stod seks meter ifrå meg og berre såg på meg.

Holsen fortel at han ikkje kjende seg heilt trygg på møtet då reinen kom så nær, og at han hadde fluktplanen til verandaen klar.

– Eg stod klar til å hoppe inn på verandaen i fall han skulle gå til angrep, ler Holsen.

NATUROPPLEVING: Holsen trur det var rundt femti rein som møtte han da han kom opp mot hytta si på Gulefjellet.

NATUROPPLEVING: Holsen trur det var rundt femti rein som møtte han da han kom opp mot hytta si på Gulefjellet.

– Kvifor trur du dei hadde samla seg inne i det inngjerda området?

– Det er godt med gras der, så dei fann seg nok eit godt måltid. Det er eit område som vart slått på sommaren, så det var grønt og fint.

Om møtet seier han at det var ei skikkeleg artig oppleving. Ikkje var dei så veldig sky heller. Nokre rein kom imot han to-tre gonger.

– Det var rett og slett moro, seier Holsen.

Artikkeltags