Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Vestlands næringslivsaktørar leier an sysselsetjinga i Noreg. Likevel får dei lite igjen for det frå regjeringa. Dette kan berre skyldast den gjentakande underrepresentasjonen deira av statsrådar frå Vestlandet i Arbeidarpartiregjeringar.
Vestlandet går opp og ned som eit flagg på ei flaggstong avhengig av kven som styrer. Underrepresentert i Ap-regjeringar, overrepresentert i borgarlege regjeringar. Dette skaper ein utrygg posisjon for Vestlandet og for dei aktørane som prøver å satse på å vidareutvikla den godt etablerte næringa som er her.
Omstillingsevna i industrien på Vestlandet er stor, og har mykje verdsleiande teknologi som regjeringa kan byggja vidare på. I tillegg er Vestland eit eksportintensivt fylke som stadig utviklar nye varer og tenester for å sikra auka velferd og nye arbeidsplassar. Det er derfor hårreisande å sjå at ei rekkje viktige NTP prosjekt vart skrota i budsjettforslaget frå regjeringa i fjor. Me kan likevel ikkje anna enn å tru at dette kjem av lite kjennskap til utviklinga som skjer i næringa på denne sida av fjellet.
Det er eit stort demokratisk problem at regjeringa ikkje sikrar lokalforankring i samansetninga av statsrådane sine. No er dei 1,4 millionar innbyggjarane i vestlandsfylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal representert med to statsrådar: Marte Mjøs Persen (Ap) og Kjersti Toppe (Sp), begge frå Bergen.
Vestlandet er alltid underrepresentert når Arbeidarpartiet styrer, avslørar kartlegginga frå Initiativ Vest. Dei har vurdert landsdelars representasjon av statsrådar opp mot delar av befolkninga. I dagens regjering er Oslo konsekvent overrepresentert, med langt fleire statsrådar enn folketalet deira skulle tilseia.
Det er eigentleg overraskande at det overraskar oss, når me ser at dette har vore ein trend i Arbeidarpartiregjeringar sidan Jan Syse var statsminister. Denne trenden er for tydeleg til å avfeia som slump.
Ein kan stilla seg spørsmålet om regjeringa i dag er folk av nasjonen eller folk av Oslo? For det er tydeleg at både Støre og Vedum har eit stort vestlandsproblem. Det er også urovekkjande å sjå kor lite kontakt regjeringspartia har med sine ordførarar, og kor lite dei til no har vore lytta til i nasjonale prioriteringar.