Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa vurderer vaksine til 16- og 17-åringar – endeleg avgjerd i september

Regjeringa har planar om å tilby 16- og 17-åringane koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.

Ei endeleg avgjerd om dette skal takast i september, opplyser regjeringa.

Folkehelseinstituttet tilrår at 16- og 17- åringane får tilbod om koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.

– Vi ønskjer å ha mest mogleg kunnskap om effekt og biverknader før vi vaksinerer personar under 18 år i Noreg. Regjeringa vil derfor vente med ei endeleg avgjerd om vaksinasjon av 16- og 17- åringar til Folkehelseinstituttet har gjort ei ny vurdering i september, seier helseminister Bent Høie (H).

Kommentarer til denne saken