Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa vurderer å endre råd om grupper frå 5 til 20 personar

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa vurderer på regjeringskonferansen sin torsdag ettermiddag om talet på menneske som kan vere samla, skal aukast frå 5 til 20, får NTB opplyst.

Planen om å auke talet føreset at det blir halde éin meters avstand av smittevernomsyn.

I dag er rådet frå Helsedirektoratet å halde avstand på minst éin meter og ikkje vere fleire enn fem personar i gruppe. Rådet om minst éin meter avstand gjeld både innandørs og utandørs. Rådet gjeld ikkje for personar i same husstand.

Frå 7. mai vart det lov for opp mot 50 personar å samle seg på ein offentleg stad, så lenge ein kan halde éin meters avstand og ein «ansvarleg arrangør» står bak.

Kommentarer til denne saken