Det melder NRK.

Energimeldinga som Støre-regjeringa kjem med, bygger på Solberg-regjeringa sin versjon, men med eit ekstra tillegg.

Allereie har olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) lagt fram delar av energimeldingstillegget, og fortel at vindkraft på land igjen blir eit satsingsområde:

– Vindkraft på land er omdiskutert, men det har vore stillstand i tre år no. Vi sender no eit brev til NVE og ber dei gjenopne konsesjonsbehandlinga på vindkraft på land, men vi seier tydeleg ifrå om at kommunane må ville det, seier Aasland til NRK.

Vindkraft på land vart sett på pause for tre år sidan, etter omfattande konfliktar kring enkelte prosjekt.

Les også

«Det er ikkje manglande vindkraft-utbygging i NO5 som har ført til dei høge straumprisane»