Regjeringa vil opne 5.–10.-klasse og vidaregåande måndag, men gir fleksibilitet

Av
DEL

Regjeringa vil opne 5.–10.-klasse og vidaregåande skular måndag, men gir éi vekes fleksibilitet til lokale tilpassingar, etter det NTB forstår.

Dermed vil det kunne bli ulik oppstart for skulane i ulike delar av landet.

Regjeringa sat torsdag ettermiddag i regjeringskonferanse for å vedta eit vegkart for gjenopninga av Norge. Avgjerda om skuleopninga vil bli kunngjord saman med andre lettar på ein pressekonferanse torsdag klokka 18.

Skulane vart stengde 12. mars, men 1.–4. steg vart opna att 27. april.

Artikkeltags