Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa vil ha lov for å unngå at barnefamiliar på utanlandsferie hamnar i koronafelle

I eit nytt lovforslag foreslår regjeringa at barnefamiliar som blir koronafaste i utlandet, ikkje skal miste barnetrygd og kontantstøtte.

Barnetrygd og kontantstøtte fell vanlegvis bort dersom eit barn oppheld seg i utlandet i meir enn tre månader.

– Vi meiner at det ikkje er rimeleg at familiar skal miste støtta viss dei på grunn av pandemien må opphalde seg lenger i utlandet enn dei hadde tenkt, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Dersom barnefamilien har planlagt eit utanlandsopphald på lengre enn tre månader, har dei ikkje rett til støtte som følgje av dei mellombelse unntaksreglane frå barnetrygd- og kontantstøttelova.

Kommentarer til denne saken