Regjeringa vil gi kompensasjon til bedrifter med minst 30 prosent omsetningsfall

Av

Regjeringa foreslår at verksemder som har eit omsetningsfall på minst 30 prosent som følgje av virusutbrotet, får kompensasjon frå staten.

DEL

Storleiken på kompensasjonen vil avhenge av kor mykje omsetninga har falle, kor store dei uunngåelege faste kostnadene er, og om føretaket er har fått pålegg om å stengje frå staten.

Ordninga vil i utgangspunktet gjelde for mars, april og mai, og utbetalingane vil skje på etterskot basert på den faktiske omsetninga i dei aktuelle månadene.

– Kompensasjonsordninga vil gi hjelp til dei som er økonomisk hardt ramma av virusutbrotet og bidra til at levedyktige bedrifter kan komme seg gjennom krisa. Dette er viktig for å unngå unødvendige konkursar og skjerme arbeidsplassar slik at folk framleis har ein jobb å gå til når vi skal ta kvardagen tilbake, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Forslaget blir lagt fram for Stortinget fredag 3. april.

Sanner seier at mange aktørar no jobbar på spreng for at bedriftene skal kunne levere inn dei første søknadene om kontantstøtta i ein eigen portal 17. april.

Artikkeltags