Regjeringa vil forby folk å vere på hytte i ein annan kommune

DEL

BA: Regjeringa vil søndag vedta ei forskrift som forbyr folk å dra på ei hytte i ein annan kommune enn der dei bur, melder NRK.

Forbodet betyr at regjeringa dermed kan tvinge folk heim frå hytta med lova i hand om nødvendig.

– Det er rett og slett for at dei kommunane som har mange hytter, skal vere i stand til å ta vare på sine eigne innbyggarar i ein veldig krevjande situasjon, seier helseminister Bent Høie (H) til kanalen.

– Vi vil ta ein sjekk med nokre utvalde hyttekommunar i kveld og høyre med dei om dei opplever at folk har reist heim. Viss dei ikkje har det, kjem denne forskrifta til å tre i kraft, og då blir det forbode å opphalde seg på fritidseigedommar som ikkje ligg i den kommunen du bur i, held fram Høie.

Statsminister Erna Solberg (H) oppmoda allereie laurdag folk til å reise heim frå hyttene sine. Ho åtvara samtidig om at Sivilforsvaret kunne bli kalla inn for å oppsøke folk og be dei om å reise heim.

Artikkeltags