Regjeringa vil bruke 419,6 oljemilliardar i år

Av

Regjeringa bryt handlingsregelen i revidert nasjonalbudsjett, og bruker 419,6 milliardar kroner frå oljefondet – tilsvarande 4,2 prosent av verdien av fondet.

DEL

Regjeringa vil bruke 174,4 milliardar oljekroner meir enn i fjor, kjem fram det av forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Årsaka til den dramatisk auka pengebruken er dei økonomiske skadeverknadene koronakrisa har påført norsk økonomi.

Utsiktene for norsk økonomi er betydeleg svekt. I revidert nasjonalbudsjett for 2020 blir BNP for Fastlands-Noreg anslått å falle med 4,0 prosent i år, men uvissa er stor, skriv Finansdepartementet i ei melding om nøkkeltala i budsjettforslaget.

Før var det forventet eit underskot på 227,6 milliarder kroner. No forventar regjeringa at underskotet vil eksplodere til 479,6 milliardar kroner.

Budsjettimpulsen – vekstbidraget til økonomien – for inneverande år blir no anslått til 5,1 prosent. Det er betydeleg høgare enn då budsjettet vart lagt fram i fjor haust.

Noreg har no den høgaste registrerte arbeidsløysa på 75 år. Sjølv om arbeidsløysetoppen truleg er passert, ventar regjeringa at arbeidsløysa skal auke frå 2,2 prosent i 2019 til 5,9 prosent i år.

Artikkeltags