Regjeringa sitt mål om massetesting utsett

Av

Måndag kom endeleg den etterlengta våren tilbake. Det lokka folk i Førde ut på både tur og aktivitetar, hundar, born og vaksne let kveldsola skine i fjeset.

DEL

Regjeringa har i det stille utsett målet sitt om å kvar veke teste 300.000 nordmenn for koronasmitte.

Helsedirektør Bjørn Guldvog la 24. april ned eit pålegg om eit samla nasjonalt mål om at 5 prosent av befolkninga i kommunane skulle testast for korona.

To veker seinare er ambisjonen til regjeringa i det stille lagt til side, skriv Aftenposten. I eit brev sendt 7. mai har kommunane i staden fått beskjed om at det held å teste 1,5 prosent av befolkninga, altså rundt 100.000 personar i veka.

I praksis blir no cirka testa 0,35 prosent av befolkninga i Noreg kvar veke, ifølgje avisa.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier det ikkje handlar om at ambisjonsnivået er nedjustert, men at det er gjort ei ny vurdering basert på ny kunnskap. Førebels er kommunane bedne om å teste 1,5 prosent, men nivået vil auke til 5 prosent i haust.

– Det er tilstrekkeleg no når vi har kontroll og det er lite smitte i samfunnet, sa Høie på pressekonferansen til regjeringa måndag.

Han la til at massetesting kan gå ut over andre viktige oppgåver, som skule og helseteneste, og at det var bakgrunnen for kontrabeskjeden til kommunane.

(©NPK)

Artikkeltags