Klimagassutslepp er den største utfordringa verda står overfor og landbruket vil ha ei sentral rolle i å løyse problemet. Dette har næringa for lengst forstått sjølv og i 2019 var landbruket den aller første næringa som inngjekk ei forpliktande avtale med regjeringa om kutt i klimagassutsleppa.

Vi er imponerte over eit offensivt landbruk som dei siste åra har sett klima og miljø øvst på dagsorden mellom anna ved å lage ein eigen klimaplan for korleis utsleppa kan reduserast utan at det går utover matproduksjonen. For regjeringa vart det derfor heilt naturleg å byggje på avtala mellom staten og jordbruket i det vidare klimaarbeidet i landbruket, der det er sett ambisiøse mål.

Når dette er sagt; Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat. Utsleppa frå jordbruket kan ikkje fullt ut fjernast og det er derfor rimeleg at jordbruket reduserer sine utslepp i mindre grad enn andre sektorar.

Norsk jordbruk skal produsere det forbrukarane etterspør på ein klimasmart og berekraftig måte. Fleire bønder vil nok ta i bruk klimakalkulatoren som gir bonden oversikt over klimautslepp på eigen gard og om korleis det kan kuttast. Det vert også jobba aktivt med tiltak innan gjødsling, utvikling av for, avlsutvikling, energi og ikkje minst god agronomi og dyrehelse.

Satsing på skogbruk vil bidra til auka karbonbinding, og potensiale for meir binding gjennom aktivt skogbruk er sentralt i det grøne skifte. Fossile ressursar kan faktisk langt på veg erstattast av tre.

Vi skal også jobbe med matsvinn. Kasting av mat er sløsing og uheldig for klimaet. Her må både industrien, butikkane, staten og vi forbrukarane ta eit ansvar. Dette er også en del av klimaavtala med jordbruket.

Jordbruket skal alltid produsere det forbrukaren etterspør og som vi har føresetnadar for å produsere i Noreg. Dette gjeld også når forbruket måtte endre seg. Det er også eit mål at vi skal klare å produsere meir av det vi sjølve et av frukt og grønt.

Vi ser fram til å følgje med på klimaarbeidet i landbruket som er godt i gang, og er sikre på at målet om å kutte 5 millionar tonn co2 ekvivalentar vil verte nådd innan 2030.

Les også

Landbruket – ei miljøutfordring i kommunen?