Regjeringa set handjern på fylkeskommunen

TRYGG: Som vi veit skrik store delar av Vestland fylke etter nye og tryggare vegar. Men regjeringa har ikkje villa løyve nok pengar til dei vegane vi her vest har meint er heilt naudsynte for å ha ein trygg kvardagsveg. Bildet er frå rasutsette Hunsåna mellom Førde og Askvoll.

TRYGG: Som vi veit skrik store delar av Vestland fylke etter nye og tryggare vegar. Men regjeringa har ikkje villa løyve nok pengar til dei vegane vi her vest har meint er heilt naudsynte for å ha ein trygg kvardagsveg. Bildet er frå rasutsette Hunsåna mellom Førde og Askvoll. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Regjeringa har i sin visdom laga reglar som i realiteten set den fylkeskommunale økonomien i ein enda verre skvis enn den allereie er i.

Som vi veit skrik store delar av Vestland fylke etter nye og tryggare vegar. Men regjeringa har ikkje villa løyve nok pengar til dei vegane vi her vest har meint er heilt naudsynte for å ha ein trygg kvardagsveg.

Derfor har bompengar, dessverre, vore løysinga for å sikre gode og trygge vegar for både bilistar og mjuke trafikantar.

Store vegprosjekt er vanskelege å berekne nøyaktig, det same er trafikk og inntekter i åra med bompengeinnkreving.

Fylkeskommunen må stille garanti for låna som blir teke opp for å bygge veg. Tidlegare var det slik at fylkeskommunen kunne auke takstane litt eller forlenge nedbetalingstida dersom det oppstod noko som gjorde at reknestykket ikkje gjekk opp.

Men i fjor sa regjeringa brått nei til dette. Det er heller ikkje mogleg å legge fram nye bompengepakkar for å dekke inn kostnadsauke eller inntektssvikt i de store byområda, som Bergen her hos oss i Vestland.

Regionreformen skulle flytte makt frå staten til fylka på fleire område. No ser vi ta det stikk motsatt skjer, staten strammar inn og tar frå oss viktige verktøy. Som eit lite plaster på såret seier regjeringa at det kan vere mogleg å søke om å få gjere det vi før sjølv kunne bestemme. Dei meiner altså at byråkratar i Oslo skal bestemme over økonomien i Vestland fylkeskommune.

For dersom vi ikkje får forlenga tida for bompengeinnkrevjing for å dekke låna, så må fylkeskommunen punge ut og ta av pengar som skulle gått til skule, kultur eller vegvedlikehald. Dette er dramatisk! Vestland er eit fylke som skrik etter betre og tryggare vegar, og som har elendig økonomi. Det er dessverre lite vi kan gjere med det så lenge regjeringa ikkje vil bla opp med meir pengar eller gi fylka større frihet til sjølve å bestemme korleis dei vil ordne seg.

Eg har store forventingar til ny samferdselsminister, og eg oppfordrar dei som har kontaktar inn i regjeringa om å få fram det håplause i det det no har gjort gjennom denne innstramminga.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags