Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa og utbyggjarane ønsker å auke ordninga om leige-til-eige

Bustadutbyggjarar har gitt leige-til-eige-avtaler til kjøparar som manglar eigenkapital. No vil utbyggjarane og staten diskutere om tilbodet kan aukast.

– Då skal vi sjå på om der er hindringar i vegen, og kva som eventuelt skal til for at dei kan byggje meir leige-til-eige, men dei leilegheitene må òg byggjast. Så det må òg byggjast meir totalt sett, seier Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til TV 2 fredag.

Ordninga fungerer slik at ein får eit tilbod om å leige ei leilegheit i tre til fem år, men kan heile tida velje å kjøpe bustaden til den opphavlege prisen, skreiv TV 2 torsdag.

Dette er i praksis ein gratis opsjon, der leigetakaren får heile gevinsten viss bustaden stig i verdi, medan utbyggjaren som leiger ut tek heile tapet viss bustaden fell i verdi.

Køen for ein slik avtale er derimot lang, hos dei utbyggjarane som tilbyr slike avtalar. Derfor ønskjer regjeringa og utbyggjarane å samarbeide for å auke tilbodet av ordninga.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken