Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa med pressekonferanse: No opnar Norge

Klokka 12.30 fredag skal regjeringa orientere om koronasituasjonen.

Halvtanna år etter at samfunnet stengde ned, går vi laurdag klokka 16.00 tilbake til ein normal kvardag.

Den siste fasen av gjenopninga av samfunnet – som skal innførast når vaksinasjonsgrada er høg nok og trykket på helsevesenet kontrollerbart – skjer laurdag.

Sjå pressekonferansen i videovindauget øvst.

No viser reproduksjonstalet at smittetrenden er markant avtakande og vaksinasjonsgrada går oppover.

Torsdag hadde 76,2 prosent av befolkninga fått første dose, mens 66,5 prosent av befolkninga var fullvaksinerte. For befolkninga over 18 år er andelen høvesvis 90,5 og 83,4 prosent.

Varsla kommunane

Måndag denne veka gjekk helseminister Bent Høie (H) ut og bad kommunane om å forberede seg på gjenopning av landet. I eit brev blir landets kommunar som framleis behøver koronatiltak, bedt om lage eigne koronaforskrifter som skal kunne tre i kraft frå og med i dag.

Ein normal kvardag med auka beredskap, medfører at dei fleste reglane i covid-19-forskrifta opphøyrer.

– Nokre kommunar kan likevel ha behov for lokale forskrifter. I brevet oppfordrar vi kommunane som har behov for det til å starte dette arbeidet så snart som mogleg, seier statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) til NTB.

Kommentarer til denne saken