– Vi er no inne i ein ny fase av pandemien, der mange fleire i landet er vaksinerte og dermed betre beskytta enn ein var i midten av desember.

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre då han opna regjeringa sin pressekonferanse torsdag kveld.

– Tiltaka vi vedtok for fire veker sidan har verka, og trykket på helsevesenet har vi klart halde på eit akseptabelt nivå, men vi må framleis ha tiltak for å redusere kontakten og bevare kontrollen med pandemien. Framover vil smitten etter alt å dømme auke raskt, la Støre til.

– Vi prioriterer barn og unge og arbeidsplassar når vi no lettar på tiltaka. Blant anna opnar vi opp for meir aktivitet i barne- og ungdomsidretten. Vi tilrår grønt nivå på vidaregåande skular og i vaksenopplæringa, og gult nivå for barnehagar og grunnskular. Kommunane kan sette tiltaksnivå etter smittesituasjonen lokalt. Samstundes gjer vi lettingar i karantenereglane og ber kommunane prioritere ressursane der smittespreiinga er størst, legg Støre til.

Her er lettingane:

  • Regjeringa opphever kravet om gult nivå i barnehagar, barneskular og ungdomsskular, men tilrår gult nivå der smittesituasjonen lokalt tilseier det. Jamleg testing i skular og barnehagar skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk.
  • Regjeringa opphever raudt nivå på vidaregåande skular og tilrår grønt nivå, men også her vil kommunane gjere lokale vurderingar.
  • Dei skal legge til rette for meir aktivitet for barn, unge og vaksne. Tilrår likevel å vente med større idrettsarrangement og turneringar. Vaksne kan drive aktivitet utandørs utan antalsgrenser.
  • Skjenking av alkohol skal vere tillate fram til klokka 23.00, men servering skal skje ved borda. Endringa trer i kraft frå i morgon.
  • Regjeringa legg om karantenereglane så testing kan erstatten karantene i større grad.

Endringane gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringa knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar.

Idrett:

  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg.
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak.
  • For lagidrettar blir berre enkeltvise kampar tilrådd, og ikkje turneringar, cupar o.l. For individuelle idrettar er det tilrådd å avgrense gruppestorleiken på konkurransane.

Barn og unge under 20 år:

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt. Tilrådd storleik på gruppene innandørs er om lag 20 personar eller etter klasse/kohort. Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt.

Vaksne over 20 år:

  • Innandørs er det tilrådd maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det leggast til rette for 2 meters avstand.
  • Vaksne kan utøve aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er naudsynt.

Karantene:

  • Smittekarantene for andre nærkontaktar til smitta personar, altså ikkje husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir erstatta av eit testregime.
  • Andre nærkontaktar blir tilrådde å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5), men ikkje å gå i karantene.
  • Nærkontaktar som er hustandsmedlem eller tilsvarande nære den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt. Desse skal så snart som mogleg teste seg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test tatt tidlegast 7 døgn etter nærkontakten, kan karantenen avsluttast.

  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader.

  • Karanteneplikta gjelder heller ikkje personar som fekk oppfriskningsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annankvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten.

Heimekontor:

  • Alle som kan ha heimekontor, skal framleis ha det, fastslår regjeringa.
  • Dei held oppe føresegna om at arbeidsgivarar må sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg. Det blir tilrådd å halde éin meter avstand og bruke munnbind om avstanden ikkje er mogleg å overhalde.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Kontakt:

  • Regjeringa held på tilrådinga om meteren, munnbindpåbod og råd om maks 10 gjester i private heimar.
  • Elles blir det òg påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde som før.

Arrangement:

Private arrangement og samankomster på offentleg stad, leigde eller lånte lokale:

  • Innendørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund.
  • Utandørs: Maks 50 personar. Munnbindpåbod for publikum innandørs.

Offentlege arrangement innandørs:

  • Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar.
  • Med faste tilviste plassar: Maks 200 personar. Munnbindpåbud for publikum.

Serveringsstader:

  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyve, og ein må seinast klokka 23.30 slutte å drikke alkohol på skjenkestaden.
  • Skjenking skal skje ved borda.
  • Serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halde meteren, unntatt medan ein sit ved bordet.
  • Plikt til å registrere gjestar som samtykker til det.

Oversikt over alle tiltaka får du her.