For å møte trusselen frå den nye omikronvarianten av koronaviruset, blir det innført regionale tiltak for Oslo og kommunane rundt.

– Vi innfører koronatiltak på tre nivå. Det blir regionale tiltak for kommunane som er særleg ramma av smitte, det blir skjerpa tiltak for innreisande til Noreg, og nasjonale tiltak som gjeld for heile Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse torsdag.

– Framleis er vi nøydde til å halde avstand for å få kontroll på smittespreiinga, men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha god kontakt med kvarandre. Vi kan òg gå på utestader, slår Støre fast.

Han seier det raskt kan bli behov for fleire tiltak dersom situasjonen forverrar seg.