Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa innfører fleire omikron-tiltak

Regjeringa forlengjer isolasjonstida for dei som testar positivt og ein trur er smitta av omikron-varianten. I tillegg blir det innført fleire tiltak.

– Det er sannsynleg at den nye omikron-varianten er meir smittsam enn deltavarianten. Erfaringa frå koronapandemien så langt er at virusvariantar med auka smittsomhet vil spreie seg til alle land, inkludert til Noreg. For å avgrense og forseinke spreiinga her i landet innfører vi derfor ei rekkje offensive tiltak.

Det seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding.

Det var fredag det vart kjend at den nye, truleg svært smittsame omikron-varianten av koronaviruset har spreidd seg raskt i det sørlege Afrika. Sidan då har smitten vorte stadfesta i ei rekkje europeiske land, og norske helsestyresmakter meiner det er sannsynleg at vi òg vil få stadfesta tilfelle av varianten i Noreg.

Forlengjer isolasjonstida

Regjeringa forlengjer no isolasjonstida til sju dagar for dei som testar positivt og som det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron. Isolasjonstida for koronasmitta har den siste tida vore på fem dagar.

I tillegg må husstandsmedlemmer og andre nære personar av dei som det er grunn til å tru er smitta med omikron, vere i smittekarantene i ti dagar. Den siste tida har det ikkje vore krav om smittekarantene for fullvaksinerte eller dei som har hatt korona det siste året.

Det blir òg innført testplikt for andre nærkontaktar.

Gjeld sjølv om ein er fullvaksinert

Regjeringa skriv at tiltaka gjeld uansett vaksinasjonsstatus. Samtidig stansar plikta om forlengd isolasjon og karantene dersom det blir stadfesta at smitten ikkje kjem av virusvarianten omikron.

– Den nye virusvarianten understrekar behovet for eit høgt tempo i vaksinasjonen med første og andre dose til alle som ikkje har fått dei, og oppfriskingsdose til dei som skal ha han. Vaksinearbeidet må prioriterast, seier Kjerkol.

Les også

Har testa kring 110 for korona i Helse Førde – ventar fleire prøvesvar måndag

Les også

Dette skal du gjere dersom du får korona no

Les også

FHI: Vaksinasjon med tredje dose går ikkje raskt nok

Kommentarer til denne saken