Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa gir pengar til Hafstadfjelltunnelen

Ein lekkasje frå Nasjonal Transportplan (NTP) viser at regjeringa vil løyve 1.3 milliardar til E39 Storehaug-Bruland.

Prosjektet E39 Storehaug-Bruland går ut på å legge stamvegen utanom Førde, med tunnel gjennom Hafstadfjellet.

Prosjektet er rekna til kring 2,9 milliardar kroner.

Løyvinga på 1,3 milliardar er signalisert i første del av NTP. Den perioden er frå 2022 til 2026, noko som betyr at pengar kan vere på plass allereie i 2022.

Les også

Olve Grotle om ny tunnel: – Kan bli bompengar

Etter det Firda kjenner til, skal Statens vegvesen greie ut om det kan vere aktuelt med bompengar på strekninga.

Det er verd å merke seg at sjølv om prosjektet er inne i regjeringa sitt framlegg til NTP, må denne endeleg vedtakast av Stortinget. Det er venta å skje seinare i år.

Les meir her:

Les også

Olve Grotle om ny tunnel: – Kan bli bompengar

Les også

I innspurten for å få E39 utanom Førde: – Førdepakken er ikkje komplett utan dette

Kommentarer til denne saken