Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa forkortar karantenetida for innreise

Men det kjem eit nytt krav. Dei må ha to negative covid-19 testar etter at dei kjem til landet.

Reisande som kjem til Noreg frå utlandet, kan gå ut av karantene etter sju dagar dersom dei testar negativt for covid-19 to gonger etter at dei kom hit.

Den første testen skal takast innan tre dagar etter at dei kjem, den andre tidlegast sju døgn etter, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding måndag.

Ordninga gjeld frå og med 29. desember klokka 8.

Reisande som har komme til Noreg for mindre enn ti dagar sidan, og som har testa seg då dei kom eller innan tre dagar, kan òg nytte ordninga ved å teste seg på nytt tidlegast dag sju eller seinare.

Ikkje obligatorisk

Det er frivillig å teste seg. Dersom ein ikkje testar seg eller det ikkje er kapasitet til å få testa seg, må ein vere i innreisekarantene i ti døgn.

– Vi opprettar dette alternativet mellom anna for å få betre oversikt og kontroll over smitte blant reisande, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i pressemeldinga.

Moglegheita til å forkorte innreisekarantene ved testing er ikkje ein rett. Det er avhengig av at det er kapasitet til å gjennomføre testane.

På grunn av utfordringar med testkapasitet tilrår derfor Helsedirektoratet ikkje at løysinga blir obligatorisk no, men den kan bli det på eit seinare tidspunkt.

Gjeld ikkje Storbritannia

Den nye ordninga gjeld ikkje for reisande som har vore i Storbritannia dei siste 14 dagane før dei kom hit. For dei er det obligatorisk å teste seg, men dei får likevel ikkje forkorta innreisekarantene.

– Det er viktig å utsetje spreiinga av dei meir smittsame variantane av viruset til Noreg så lenge som mogleg. Derfor må vi gjere det vi kan for å få testa flest mogleg av dei som reiser inn i landet, utan at dette går ut over anna viktig testarbeid knytte til mellom anna smittesporing og smittekarantene, påpeikar Høie.

Covid-19-forskrifta blir òg endra slik at langtransportsjåførar og togpersonell som ikkje arbeider på godstog, kan utelukkast frå innreisekarantene i arbeidstida sjølv om dei har opphalde seg i Storbritannia dei siste 14 dagane før dei kom til Noreg. Dei må framleis vere i karantene på fritida.

Kommentarer til denne saken