Regjeringa droppar omstridt kraftskatteforslag

Av

Regjeringa vil ikkje følgje opp dei omstridde forslaga frå kraftskatteutvalet, opplyser statsminister Erna Solberg (H).

DEL

Utvalet foreslo ei omlegging av skattesystemet for vasskraft, som ville tyde at vertskommunane ville miste dei direkte inntektene.

– Vi har gått gjennom forslaget frå utvalet, og vi har funne ut at vi ikkje kjem til å følgje opp skatteutvalet for kraftverk. Viss vi skal gjere endringar, så trur vi ikkje at det er grunnlaget. Endringane må eventuelt kome i dei opphavlege skatteopplegga, seier Solberg til Adresseavisen.

Medlem i energi- og miljøkomiteen, Liv Kari Eskeland (H) frå Hordaland, seier til Firda at ho er glad for avgjerda.

– Dette er ei sak vi har jobba hardt for, og eg meiner det er ei korrekt avgjersle. No blir inntektene til vertskommunane ført vidare som i dag, og eg håpar eg at dette vil skape ro.

Artikkeltags