Regjeringa anslår lønsvekst på 1,5 prosent

Av

Regjeringa anslår i revidert nasjonalbudsjett at den gjennomsnittlege årslønsveksten blir på 1,5 prosent frå 2019 til 2020, etter det NTB erfarer.

DEL

– Årets lønsoppgjer, som er eit hovudoppgjer, er utsett til hausten. Det er stor uvisse rundt lønsutviklinga, skriv regjeringa i budsjettet.

Då 2020-budsjettet vart lagt fram i fjor haust, anslo regjeringa ein lønnsvekst på 3,6 prosent.

– Lønsemda i mange konkurranseutsette bedrifter har vorte forverra som følgje av den økonomiske situasjonen, konstaterer regjeringa.

Det blir vidare peika på at lågare sysselsetjing og høgare arbeidsløyse «ofte har ført til moderate lønsoppgjer».

– Som ein teknisk føresetnad for arbeidet med revidert budsjett, har departementet på uvisst grunnlag anslått den gjennomsnittlege årslønnsveksten til 1,5 prosent frå 2019 til 2020, heiter det.

Årsaka til dei dystre utsiktene er sjølvsagt koronaepidemien som rammer både Noreg og andre land.

Artikkeltags