Skular og barnehagar blir stengde over heile landet på grunn av koronaviruset. Foreldre som er heime med barn, vil ha rett til omsorgspengar, seier regjeringa.

– Når barnehagar og skular no stenger, ber vi alle om å vere smidige og vi håper at arbeidstakarar og arbeidsgivarar kan finne løysingar lokalt i tråd med dei beste tradisjonane i norsk arbeidsliv, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Mange bedrifter har eller skal innføre heimekontor, men der det ikkje finst andre løysingar, vil omsorgspengar vere ei moglegheit, understrekar Røe Isaksen.

– Foreldre vil ha rett til omsorgspengar for å vere heime med barn når skular og barnehagar stenger i denne ekstraordinære situasjonen.

Omsorgspengar er òg kjente som sjukt barn-dagar.