Gå til sidens hovedinnhold

Redusert kapasitet på 18.30-avgangen på Lavik – Oppedal

Farleg last gjer at ferja ikkje kan ta like mange passasjerar som normalt.

Det vert redusert kapasitet på Lavik – Oppedal på E39 måndag kveld. Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

Grunna den farlege lasta vil ferjeavgangen frå Lavik-sida klokka 18.30 berre ta 12 passasjerar. Det er ikkje opplyst om kva som skal bli frakta med ferja.

Det er ikkje opplyst at andre avgangar skal vere påverka av frakting av farleg last, men frå før denne måndagen er C-ruta på sambandet ute av drift. Denne er venta å vere ute av drift resten av måndagen, og det er venta lenger ventetid på A-ruta som følger av dette

Kommentarer til denne saken