Redningshelikopter trassa vêret: Fekk henta turgåar ned frå fjellet

DEL

Vest politidistrikt melder klokka 18.42 fredag kveld at ein 54 år gammal mann har gått seg fast i terrenget ved Dyrdalsstølen i Høyanger kommune. Området ligg på sørsida av Sognefjorden.

– Mannen er våt og svært kald, melder politiet.

Politiet og Hovudredningssentralen koordinerer saman innsatsen for å få mannen ned frå fjellet. Røde Kors er kalla ut, og i tillegg prøver eit redningshelikopter å ta seg inn i området.

Klokka 19.03 melder politiet at redningshelikopteret har klart å heise mannen opp i helikopteret, trass utfordrande vêr.

Røde Kors og frivillige avbryt dermed sin aksjon.

Mannen er våt og kald, men er elles uskadd.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken