Ei kvinne i 60-åra er skadd etter ein fjelltur i nærleiken av Dalsfjordbrua. Kvinna kjem seg ikkje ned frå fjellet på eiga hand.

– Ho var ein del av eit turfølge, og skada seg på fjellet. Vi har kalla ut Røde Kors og ein politipatrulje for få pasienten ned til vegen.

Det seier operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.

Vêret er ikkje godt nok til at helikopter kan nyttast, legg han til.

– Det er ikkje fare for liv og helse, og vedkomande får også assistanse av pårørande, melder Hellesund.