Klokka 13.00 fekk naudetatane melding om ein kano som var funnen kvelva og drivande i Gaula i Sande sentrum. Det er sterk straum i elva.

Ein redningsaksjon vart sett i gang.

Politiet kom seinare i kontakt med dei to som var i kanoen, der den eine hamna i vatnet men klarte å svømme til land.

Ingen personar er sakna, så aksjonen blir avslutta. Både politi og helse var på staden.