Redd det var for mange på fest med tanke på smittevern – ringde politiet

Natt til søndag fekk politiet fleire meldingar om festbråk.

DEL

Det har vore ei relativt stille natt for politiet, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen søndag morgon.

– Ingen er sett i arresten eller liknande, men det har vore ein del festbråk, seier ho.

Politiet fekk meldingar om støy frå festar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Men så klokka 02:16 fekk politiet i Førde ei melding, som skilde seg ut.

– Vedkommande var uroa for at det var meir enn ti personar på ein fest i ein leilegheit i samband med smittevernreglane for korona, seier Knappen.

Då politiet kom fram til staden, var fest oppløyst.

Sidan koronaviruset braut i vinter, har det blitt meir vanleg at politiet får uromeldingar frå folk som går på at det er for mange personar på festar i frykt for å spreie viruset vidare.

Mykje festbråk

Klokka 23:11 fekk politiet melding om bråk frå ei privat adresse på Nordfjordeid. Der rykka politiet ut og gav munnleg pålegg om å avslutte.

Knappe timen seinare, rett før midnatt, fekk politiet melding om ungdommar som spelte høg musikk på ei adresse i Førde. Her òg gav politiet munnleg pålegg om å avslutte festen.

Klokka 01:15 måtte også politiet i Sogndal rykke ut til ei fest, etter melding om høg musikk. Dei fekk pålegg om å avslutte òg.

– Det er kjekt at folk gjer som politiet ber om, seier Knappen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken