Dette er overskrifta på eit opprop i Klassekampen 11. januar, der over 45 Raudt-medlemmar tek til orde for ei fredsløysing på krigen i Ukraina. Eg har også støtta dette oppropet.

Når Torbjørn Vereide no går til frontalangrep på Raudt og nærast skuldar oss for å svikte Ukraina, må det vere mot betre vitende.

Berre for å gjere det heilt klart: Raudt fordømmer Russland sin folkerettslege invasjon og krev at Putin trekkjer alle russiske soldatar ut av Ukraina. Raudt krev i tillegg at norske styresmakter arbeider for ei fredsløysing i Ukraina, slik FN-pakta forpliktar og slik FN sin generalsekretær ber om.

Til no har ikkje regjeringa gjort noko for å fremje ei fredsløysing, men har i staden lagt seg på Nato si linje som er å sende våpen til Ukraina. Faren er no at krigen eskalerer, med dei tapa og den lidinga det vil medføre.

Raudt har eit landsmøtevedtak på å ikkje sende våpen til land som er i krig. Internt i Raudt er det no ein diskusjon om situasjonen i Ukraina er slik at ein skal kunne overprøve dette vedtaket. Første høve til å ta dette opp er landsstyremøtet i midten av februar og dernest landsmøtet i slutten av april.

Korleis er det med landsmøtevedtak i AP, Torbjørn Vereide? Er dette noko ein berre kan hoppe bukk over om ein finn det for godt?

Les også

Politikken til Raudt ville gjort det enkelt for Putin

Les også

Er Vereide framleis like glad?