Gå til sidens hovedinnhold

Raudgrønt fleirtal i skulevalet, men kraftig Ap-fall

Arbeidarpartiet går tilbake med over fire prosentpoeng frå skulevalet i 2017. Frp går mest fram og får større oppslutnad enn Høgre.

Til saman ville dei tre raudgrøne partia (Ap, SV og Sp) fått 88 mandat og fleirtal på Stortinget dersom skulevalet var valresultatet.

Arbeidarpartiet går tilbake med over fire prosentpoeng frå 27,8 prosent i 2017 til 23,3 prosent i skulevalet i år, men dei er likevel det klart største partiet. Også Høgre går tilbake frå 15,1 til 13,5 prosent.

Den største framgangen har Frp, som går frå 10,4 prosent ved skulevalet før førre stortingsval til 13,9 prosent i år.

Dermed er partiet meir populært enn Høgre blant skuleelevane.

SV og Venstre aukar

SV aukar òg oppslutninga frå 10 prosent til 12,7 prosent, medan Venstre òg gjer det sterkt og går frå 7,4 til 10,7 prosent.

Også Senterpartiet går fram, frå 6,8 prosent i 2017 til 8 prosent i 2021.

Trass i sterkt søkjelys på klimasaka i valkampen har framgangen late vente på seg for MDG, som går tilbake frå 6,8 prosents oppslutnad i 2017 til 6 prosent i år.

Det same gjeld Raudt, som går tilbake frå 5,7 til 4,6 prosent.

KrF endar på 2 prosent, mot 3,1 ved førre stortingsval.

Rekordmange deltok

Sidan 1989 har det vore arrangert skuleval.

I valet i år har 393 skular delteke, og rekordmange har valt å gjennomføre valet elektronisk i år.

Skulevalet blir gjennomført ved minst ni av ti norske vidaregåande skular. Dei fire siste vala har deltakinga vore på over 80 prosent.

Kommentarer til denne saken