Rassikring Erdal-Naustdal

For erdalingane er trasèen vist heilt til venstre på kartet det beste alternativet, skriv Bjarte Johan Erdal.

For erdalingane er trasèen vist heilt til venstre på kartet det beste alternativet, skriv Bjarte Johan Erdal.

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Riksveg 5 på denne strekninga er svært rasutsett. I «manns minne» har det her gått mange steinras som har hamna nede på vegen, eitt med fatalt resultat der fleire menneskeliv gjekk tapt. Iflg. statistikken den farlegaste veistrekninga på langande lei i høve steinsprang.No ser det ut til at strekninga kan vere i posisjon til å få tildelt statlege midlar til rassikring. Det er bra, men spørsmålet er korleis vi skal få løyst dei utfordringane vi møter på vår veg (bokstaveleg talt).

For nokre veker sidan var erdølingar og naustedølingar, ilag med prosjektleiar, politikarar, konsulentar og andre fagfolk, inviterte til å delta på eit synfaringsmøte i Naustdal og i Erdal. Og dagen etterpå på ein såkalla silingsverkstad, der dei forskjellige alternativa som låg føre skulle prioriterast.For oss erdølingar er det, i alle fall for alle dei eg har snakka med, kun eitt alternativ som gjeld. Dette alternativet, trasèen vist heilt til venstre på kartet, var også det som kom best ut på silingsmøtet. Og då snakkar vi om vegvalet der tunnelinnslaget i Erdalen går inn i fjellet i Smedvika (ved badestranda) og kjem ut att i dagen i Naustdal etter det alternativet som vert valt der.

Sjølvsagt ein lang tunnel, såvidt eg har forstått ca. 6,5 km, og i overkant av ein halv kilometer lengre enn andre skisserte alternativ. Men då er ein heilt kvitt rasproblematikken, også på strekninga Rotnes-Erdalen, det det har gått fleire store steinsprang i mi tid.Det vert sagt at å bygge veg i tunnel er mykje dyrare enn å bygge i dagen. Men i dette tilfelle vil ein, med å velje vårt foretrukne alternativ, spare mykje pengar på grunnavståing, bygging av bruer, nye tilkomstvegar m.m

Og så vil eg spørje Statens Vegvesen, politikarar og andre som skal bestemme dette, kva framtid ser de føre dykk for Erdalen? I det eg tidlegare kalla for Førde sin beste vestkant, der sola skin til framimot klokka 22.30 midtsomar. Tanken min er at det må vere attraktivt, og at vi på sikt må rekne med byggefelt og bustabygging her. Men viss her skal komme ein ny riksveg, og den gamle vegen skal ligge som ein kommunal veg, ja, då er det ikkje mykje areal att å bygge ut. Og kva med trivselen for oss som bur her? På grunn av dagens RV5 er barna i grenda allereie avskorne frå å besøke kvarandre utan vaksenfølgje. Og verre vil det bli om så gale skulle skje at vårt prioriterte alternativ ikkje skulle bli valt. Etter det eg forstår har det tidlegare i Sunnfjord kommunestyre vore stemt fram eit punkt om at det skal leggast til rette for gode tilhøve for syklande og gåande. Og vidare at det trengst ein god og sikker veg, i tunnel, for å sikre god samfunnsutvikling for bygder og grender i planområdet. Så kjære bestemmarar: Når så langt kjem at trasèval skal veljast, tenk langsiktig, ta eit val for framtida. Og det er kun alternativet med den lengste tunnelen som ivaretek dei tidlegare intensjonane til kommunestyret.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken