Geolog skal vurdere vegen i Jordalen

Geolog skal tysdag vurdere om vegen i Jordalen er trygg. Det er framleis evakuert 16 personar frå området.

DEL

– Naudetatane har avslutta det operative arbeidet Jordalen, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i politiet.

Måndag kveld vart ein bil innesperra mellom to jordras i Jordalen, på grensa mellom Aurland og Voss kommune.

Det var to personar i bilen som evakuerte seg sjølv. I tillegg vart 14 personar evakuert frå ein støl i nærleiken.

– Vegen er stengd og ein geolog skal i dag gjere ei vurdering om vegen er trygg, seier Dahl-Michelsen.

Vest politidistrikt melder klokka 10.08 på Twitter at politi i samarbeid med representant frå brannvesenet, reiser ut saman med geolog for å undersøke og gi ei kvalifisert risikovurdering av området der raset gjekk, før området eventuelt kan opnast.

Det var totalt tre ras i området, eit stort og to mindre lenger inne i dalen, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags