Eit mindre steinras har gått over fv. 5627 opp mot Stegastein i Aurland tysdag. Raset har gått ut i vegen, og det er ikkje passasje på staden.

Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

Entreprenør er sendt til staden og det vert vurdert om det er behov for geolog. 

Siste meldingane frå Vegtrafikksentralen er at vegen skal vurderast på ny att onsdag klokka 12.00. Vegen vil difor vere stengt fram til dette.