Dei tok Sunnfjord og Høyanger på senga. Nokre dagar før julaftan sleppte Hydro, Eviny og Zephyr nyheita om at dei vil bygge 50 vindmøller nordvest for Høyanger, i fjella forbi Vadheim og på grensa mellom Hestad grend og Viksdalsvatnet i nord (Snøheia).

Det er gamle planar som no blir henta opp frå skuffa. Men med kaotiske forhold på den europeiske kraftmarknaden, og med Hydro med på laget, har folk i Sunnfjord og Høyanger fått servert argument som litt spissformulert går ut på at det byggast eit slikt vindkraftanlegg for at det skal vere mogleg å ha produsere aluminium i Høyanger i framtida.

Hovudargumentet for bygging av vindkraft i Norgeer at det kan bli kraftmangel i framtida.

I pressemeldinga frå dei tre aktørane bak vindkraftplanane i Snøheia, blir det vist til at Norge går mot eit kraftunderskot i 2027, og at selskapet difor treng meir fornybar energi og langsiktige kontraktar på kjøp av vindkraft fram mot 2030. Det er slike langsiktige kontraktar som gjer at Hydro kan tene pengar på å produsere aluminium ved fabrikkane sine i dag, mens konkurrentane andre stader i Europa må stenge ned på grunn av høge energiprisar. Det blir vist til til Statnett sine analysar, som fortel at vi i 2027 vil ha eit kraftunderskot på 2 TWt.

NVE sine analysar derimot, viser noko heilt anna enn kraftunderskot. Ifølge Klassekampen meiner NVE at vi vil få ein nedgang i kraftoverskotet men at vi likevel vil ha eit overskot på kraft her i landet på 7 Twt i 2030.

Begge dei to analysane tek innover seg at vi i framtida skal drive oljeplattformene våre på sokkelen med straum frå fastlandet. I dag blir plattformene forsynt med straum frå lokale minikraftverk med gassturbinar som brukar gass frå olje- og gassproduksjonen. Ifølge faktisk.no vil denne elektrifiseringa kreve ca. 10 prosent av den samla kraftproduksjonen i Norge, og det vil koste 50 milliardar kroner å få dette opp og stå. Alt dette for å sikre redusert Co₂-utslepp frå oljeindustrien.

Med andre ord: Å stoppe planane om landstraum til oljeplattformene vil vere meir enn nok til å sikre energi til kraftkrevjande industri på fastlandet i lang tid framover. Men denne veka kom altså rapporten som kan vere med på å sikre politisk fleirtal for ei slik elektrifisering. Fram til no har motstandarane av elektrifisering påstått at dette ikkje vil få positiv klimaeffekt på global effekt, rett og slett fordi utsleppsproblema vil bli eksportert til andre land som vil fyre med den gassen Norge ikkje lenger bruker på plattformene.

Rapporten som er utarbeidd av Thema Consulting på oppdrag for Offshore Norge (interesseorganisasjonen for selskap på norsk sokkel), seier derimot at dette vil ha ein stor og positiv effekt på utsleppa også i andre land enn Norge. I hovudkonklusjonen heiter det ifølge NRK mellom anna at «dynamikken i marknaden» og «sletting av kvotar og ytterlegare tilstramming av kvotetaket» gjer at norske kutt også slår ut på europeisk nivå – med ein effekt på 80 prosent.

På Stortinget har det så langt vore positiv stemning rundt ei elektrifisering av sokkelen. Med ein ny rapport på bordet som støttar ein slik konklusjon, vil dette også kunne sikre politisk oppslutning rundt å bygge vindkraft i fjellområda rundt om i Norge.

For urørt natur i Sunnfjord og Høyanger er dette dårleg nytt. Endå ein gong blir naturen sett opp mot talet på arbeidsplassar i industrien.

Men siste ord er ikkje sagt. Påstandane om at rapporten frå Thema Consulting er eit bestillingsverk, er allereie lansert. Mitt tips er at det kjem nye rapportar som på eit eller anna vis har motsett konklusjon. For kommunepolitikarane i Sunnfjord og Høyanger er uansett dilemmaet om dei skal gå laus på Snøheia eller om dei skal seie ja til kravet frå Hydro om meir grøn energi produsert lokalt.

Nokre gonger er det svært vanskeleg å vere lokalpolitikar.

Les også

Med kjernekraft slepp Høyanger-ordføraren spagat

Les også

«Vindkraft sikrar ikkje industrien»

Les også

– Vindkraft sikrar industrien