Det har i haust vore ein del fokus på dette med å holde Ramsdalstunnelen open som beredskapsveg i tilfelle Naustdalstunnelen skulle vere stengd.

Florø og Førde er dei to største tettstadane i tidlegare Sogn og Fjordane. Med vegopprustinga som har skjedd dei siste tiåra, skulle ein tru at no var riksveg 5 mellom desse byane sikra. Dette viser seg dessverre ikkje er tilfelle. Vegtraseen er sårbar, både med nedfall i tunnelane og ras i fjellsidene. Dette virkar som det ikkje vil avta, men tvertimot auke på, etter som klimaet er i stadig endring.

Skulle det bryte ut ein katastrofebrann på ein av dei nemnde stadane, eller omlandet, så veit vi at då er tid kostbart. Å komme fortast mogeleg på staden for å begrense skadane, redde verdiar, liv og helse. Skulle det oppstå ein situasjon med katastrofebrann eller flaum, Naustdalsvegen stengd, og Ramsdalsvegen ikkje pløygd, eller stengt med fastfrosne betongblokker. Ein utvikling til katastrofe, vil kunne bli endå større i ein slik situasjon, om då ikkje ekstra utrykningskøyretøy kan kome fram i tide.

Ein kan vise til katastrofebrannen i Lærdal, som vart varsla kl. 22.53 laurdag 18. januar 2014.

Det var sterk vind og 1 plussgrad. Kven kunne trudd at ein slik brann skulle bryte ut i januar månad. Meldinga gjennom media var:«Lærdal i flammar».Det var turt gamalt gras og sterk austavind. Då måtte Lærdal tilkalle all hjelp dei kunne få i nærområdet, og det vart sendt brannbilar heilt frå Bergen. Lærdalsbrannen var ei katastrofe, men kunne vorte endå meir alvorleg, om den hadde brote ut nokre timar seinare, når alt folket hadde lagt seg.

Eg vil oppmode Sunnfjord kommune, Kinn kommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen å samarbeide om å halde Ramsdalstunnelen open, som beredskapsveg. Treng ikkje gul midtstripe, som nokon truleg må ha kalkulert med, i debatten i haust. Så får det no våge seg om nokon nyttar den til ein kjapp skitur på Ramsdalsheia. Det er folkehelse i det.

Dette med omkøyringsvegar, må settast meir fokus på. For nokre år sidan var Halbrendslia stengt på grunn av eit knuseverk som velta. Vegen stengd i lengre tid. Det var då snakka om; kva med om det braut ut brann i Slåttebakkane. Omkøyringsveg frå Førde, om Gaularfjellet. Ja og om den var vinterstengd, då måtte brannbilane i Førde truleg stå i ro, mens andre distrikt måtte ta seg av brannsløkkinga.