Gå til sidens hovedinnhold

Rambøll skal greie ut parkeringsordning i Førde

Artikkelen er over 2 år gammel

Konsulentane i Rambøll skal finne ut korleis vi kan parkere smartare i framtida.

Rådmannen har fått i oppdrag frå politikarane å finne svar på korleis ei parkeringsordning i Førde kan fungere. Politikarane vil ha svara klare til siste bystyremøte før sommaren.

Rådmannen gjorde det klart at ei slik bestilling ville krevje ekstern kompetanse, og har følgt opp politikarviljen ved å be ulike selskap om å levere tilbod på jobben. Rambøll Norge AS og Asplan Viak AS melde si interesse, og Førde kommune valde Rambøll.

Utgreiinga kostar kommunen 315.000 kroner. Asplan Viak kunne gjere jobben for 230.050 kroner, men Rambøll vart ifølge tildelingsbrevet vurdert å vere betre på oppgåveforståing og kompetanse.

Dette skal Rambøll finne ut av:

  • Greie ut og kome med forslag til ulike måtar å organisere parkering i Førde sentrum.
  • Greie ut parkeringshus i Fjellvegen. Avkøyrsle til E39 må avklarast med Statens vegvesen.
  • Invitere grunneigarar i sentrum til ein dialog om ei framtidig organisering av parkering i sentrum.


Les også

Ber om utgreiing av både parkeringsordning og parkeringshus før sommaren

Les også

Her vil Opseth doble talet på parkeringsplassar, og det må skje fort

Les også

NAF: Treng vi parkeringsregulering i Førde sentrum?

Les også

– Ikkje vanskeleg å forstå at folk reiser til Førde på handel i staden for Florø

Kommentarer til denne saken