Mennesket er altetande, men før jordbruket gav oss rikelege og forutseielege avlingar, måtte vi ha noko meir enn frukt, bær og nøtter vi fann i skogen. Byttedyra vi har jakta har variert i storleik og form. Framleis er det menn og kvinner som står tidleg opp, pakkar sekken og legg ut på tur i skogen med eit mål om å få noko i siktet.
Du har òg sikkert hatt byttet framfor deg. Då tenkjer eg ein tidleg haustmorgon medan mørkret ligg over asfalt og fjord, og langlysa fangar inn ei kolle og ein kalv, dansande over fylkesveg 57. Både du og hjorten vert skremd, men de susar vidare. Du på veg til arbeid, bilen er utan bulk i dag òg. Kolla ser at kalven er like heil.
Men kanskje kjenner du nokon som er meir treffsikre enn ein Opel Mokka før dagens første kaffikopp. Med rifle og kniv, kunnskap og kjølerom kan dei skyte, vomme ut, bere heim, henge og partere ein hjort. Og så er det opp til deg å lage middag. Hjortekjøtet er magert, og med mild viltsmak. Unge dyr har mørt kjøt, og då er det godt å lage til steiker som er rosa i midten. Dei mindre kjøtrike delane på framparten, som bryst, nakke og bog kan malast opp og brukast saman med litt svinekjøt og spekk i heimelaga pølser. Prøv deg fram med ulike krydder, det er verkeleg godt!
Ein ganske enkel måte å setje saman kjøt og vin, er ved å lage carpaccio av hjorten. Dette er rått kjøt, og då kjem viltsmaken fram på ein intens måte. Det finst nemleg vinar som fungerer svært godt til dette formålet. Om du tek møre deler av hjorten, slik som ein bit av ytrefileten eller plomma i låret og frys denne, kan du lettare skjere tynne skiver medan kjøtet er halvfrose. Legg desse skivene fint utover ein tallerken og pensle med litt olivenolje, dryss på salt og pepar. Har du noko sylta eller steikt kantarell frå den skogsturen då hjorten var for rask, kan du dandere over kjøtet. Rista pinjekjerner gjer seg òg.
Syrah er drua som vert brukt i den nordlege delen av Rhônedalen i Frankrike. Vinen herfrå er mørk, rå og vill, og kan ha aroma som vi finn i skogen og på fjellet: krekling, blåbær og rått viltkjøt. Vinområdet Crozes-Hermitage er det største i denne delen av Rhône, og her finn vi òg vin i prisklassen under 300 kr. Dei andre områda har mindre produksjon og vinane er diverre litt dyre. Florent Viale er ein dyktig vinmakar og hans Crozes-Hermitage frå 2020-årgangen er ganske tilgjengeleg og fruktig. Delvis fottrakka av Florent sjølv. Men før druene kjem så langt, har dei blitt dyrka med kunnskap, røynsle og heilt utan sprøytemiddel. Vinen kan drikkast ung til rettar av vilt eller gryterettar med raudt kjøt. Han vil òg utvikle seg fint med 3-8 år i kjellaren, for dei som likar meir utvikla vinar.
Domaine du Colombier Crozes-Hermitage 2020
Varenummer: 5045301, Pris kr 269,90
Vurdering: Fargen er fersk og mørk lillaraud. Vinen luktar av skogsbæryoghurt på fyrste sniff. Pen intensitet. Gode lukter av ferske, søte, mørke bær og nykverna pepar. Ein tur rundt i munnen avslører ein open, fruktig og tilgjengeleg Crozes-Hermitage. Det er balanse mellom frukt og syre. Tanninane er polerte og snille, men passe støttande. Gode smakar av mørke bær, pepar og rått kjøt.