Pukkellaksen har kome til Jølstra

NY GJEST: Nyleg fekk Veterinærinstituttet den første rapporten om potensielt nyklekt yngel frå pukkelhalvslaksen i Norske elvar. Den vart funnen i Jølstra. På biletet er ein større pukkellaks.

NY GJEST: Nyleg fekk Veterinærinstituttet den første rapporten om potensielt nyklekt yngel frå pukkelhalvslaksen i Norske elvar. Den vart funnen i Jølstra. På biletet er ein større pukkellaks. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Den svartelista arten pukkellaks kan ha klekt yngel i Jølstra.

DEL

I år har den svartelista pukkellaksen blitt observert i lakseelvane langs heile Noreg. Det uroar forskarane i Norsk institutt for naturforsking (NINA) for dette er ein art stillehavslaks som slett ikkje skal vere i Norske lakseelver. 

– Vi fekk nyleg også inn den første rapporten om potensielt nyklekt pukkellaksyngel. Fisk som blei fanga i Jølstra er sendt vidare til Veterinærinstituttet. Denne fisken vert no inkludert i samlinga til NINA, som Veterinærinstituttet har bidrege til i hele sommar. Artsidentifiseringa er stadfesta av fleire biologar i det norske forskingsmiljøet, samt ein amerikansk ekspert på stillehavslaks, seier Florø-Larsen i Veterinærinstutttet på deira nettsider.

Les også: Har teke tre pukkellaksar i Gaula i helga

Gode gyteforhold

Ifølgje NINA var det på 1960-talet at pukkellaksen byrja å spreie seg til nordnorske elvar. Dette skjedde etter at arten vart utsett på Kolahalvøya i Russland. Difor er pukkellaks mest utbreidd i Finnmark, i nærleiken til grensa til Russland. Men no har altså pukkellaksen vandra langs heile kysten. På tre veker i sommar fekk NINA meldingar om rundt 800 pukkellaks, frå 120 ulike vassdrag i landet.

Les også: Forskar: – Vi er uroa over talet slike laksar

Dette er ein utgytt hopukkellaks som vart teken 8. august i år.

Dette er ein utgytt hopukkellaks som vart teken 8. august i år. Foto:

– Dette skjer truleg fordi pukkellaksen som invaderte kysten tidlegare i år var full av rogn og melke, noko som opna for at pukkellaksen fekk vellykka gytingar i våre vassdrag. No er det klart at stillehavslaksen har lukkast i å spreie genane sine vidare langt utanfor sitt vanlege habitat, skriv fiskenettstaden hooked.no

Artikkeltags