Gå til sidens hovedinnhold

Publikumsrekord for Malakoff-festivalen

Artikkelen er over 2 år gammel

– Det er det største talet vi har hatt nokon gong, fortel den nøgde festivalsjefen.

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid sette ny publikumsrekord i år, skriv Fjordenes Tidende.

I løpet av helga hadde over 29.000 besøkt festivalen, mot fjorårets 27.500.

Festivalsjefen Arnt-Ivar Naustdal er særs nøgd med at festivalen også i år vart utselt.

– Det har enkelt og greitt vore ei heilt fantastisk og strålande helg på alle måtar, sa Naustdal til Firda då festivalen var over.

Har fått god respons på lineupen

I år var det 17. året Malakoff blei arrangert. Blant banda som trakk folk til den vesle bygda, finn vi mellom anna Bastille, Highasakite, Sigrid og Weezer.

– Det var 12.000 innom både på fredag og laurdag. Det er det største talet vi har hatt nokon gong. Vi er svært glade for det.

Les også

Malakoff er over for i år: – Det har vore frykteleg travelt, men veldig kjekt

 

Prislappen på årets festival var på 25 millionar, noko som må tenast inn igjen gjennom billettkjøp og i løpet av helga.

– Vi har fått veldig god respons på lineupen, både frå deltakarar, men også fleire musikkanalar og musikkmagasin som har vore innom festivalen, sa Naustdal til Firda.

Investerte i miljøvennlege telt

Nytt av året var papptelta ein kunne sove i på campen.

– Det verkar som dei som prøvde dei er fornøgde, meiner Naustdal.

Bildeserie

Sjå bildeglimta frå Malakoff-fredagen

 

Bildeserie

Sjå laurdagens bilde frå Malakoff

 

Kommentarer til denne saken