– Eg jobbar med rekrutteringsprosjektet til Sunnfjord Utvikling. Når vi lykkast med å trekke folk utanfrå fylket hit ser vi at det av og til går slik det gjorde med Solveig, seier Kathe Arnesen.
Ho viser til Solveig Bredli som var «posterkvinna» for tilflyttarar til Sunnfjord kommune, men som valde å flytte vekk. Årsaka? For lite å finne på etter jobb.
No vil Arnesen og Sunnfjord Utvikling legge til rette for at næringslivet og utelivet i Førde kan finne ut korleis ein kan unngå at dette skjer igjen.
– Det er ikkje enkeltpersonar eller organisasjonar si oppgåve å ta ansvar, men vi vil no ta intiativet til eit felles løft. Sette i gang samtalen med dei eksisterande aktørane og rundt tiltaka, seier Arnesen.
Spørjeundersøking
I høve dette arrangerer dei workshop med dei aktuelle næringsaktørane, men dei har også spurt innbyggarane om kva dei saknar i Førde. I eit spørjeskjema stilte dei følgande spørsmål:
- Viss du skal nemne ein ting du saknar i Førde når det gjeld tilbod, aktivitetar eller opplevingar i sentrum, kva er det?
- Kva type møteplassar tenkjer du vi treng for å gjere det enkelt for tilflyttarar å få nettverk/vener?
- Korleis kan vi få folk i Sunnfjord til å bruke Førde sentrum meir?
- Kva tenkjer du er det viktigaste som må til for å få opp aktiviteten i Førde sentrum?
Les eit knippe svar frå undersøkinga i faktaboksane nedst i saka.
Til saman fekk dei svar frå 64 forskjellige personar, der nær 50 prosent av dei var i aldersgruppa 31–40. Over 30 prosent er i aldersgruppa 21–30. Over 50 prosent som svarte på undersøkinga er tilflyttarar og like under 40 prosent er heimflyttarar. Like under ti prosent som svarte har budd i Sunnfjord heile livet. Undersøkinga er ikkje fordelt på kjønn.
– Vi synst det er kjekt å sjå at så mange har engasjert seg, det betyr at mange er opptekne av nettopp dette. Vi ser på innspela som viktige for bransjen og det kan vere ein start for næringslivet, seier Arnesen.
Folk ønsker informasjon
Ho fortel at det har vore størst etterspurnad på lågterskel- og gjentakande tilbod.
– Vi har eit bra konsert- og kulturtilbod, men folk vil også ha noko som skjer kvar veke eller ein gong i månaden. Noko som er lågterskel og som gjer at dei veit at dei til dømes kvar tysdag kan finne ein spesiell aktivitet på akkurat den plassen, der ein kan gå utan påmelding, seier ho.
Også aktivitetar for familiar med barn har vore etterspurd.
– Vi har også sett at vi ikkje må gløyme småbarnsfamiliane opp i dette. Det var god innsikt å få, seier ho.
Det er også ein spesiell ting som Arnesen kategoriserer som hovudutfordringa:
– Det er mange som ikkje veit kvar dei skal få tak i informasjon om kva som skjer. Det er nok noko som er viktig å finne ut av. Korleis vi kan samle all informasjon på ein plass, seier Arnesen.
Viss du skal nemne ein ting du saknar i Førde når det gjeld tilbod, aktivitetar eller opplevingar i sentrum, kva er det?
Her er eit knippe svar frå undersøkinga:
«Beklagar at det blei fleire enn éin ting: Pub som ikkje også er restaurant. Eventuelt som har meir «pubmat». Kafé med uteservering på nord sida av Jølstra, der de bygger næringsbygg no. Gjerne ein sti som følger elva, så kan ein til dømes arrangere elvelangs med lyslenker og innslag av underhaldning. Badedyrfestival nedover elva hadde òg vore kjekt. Kiosk eller servering i parken ved Nynorskens skog hadde også gjort at fleire kanskje brukte parken på finvêrsdagane. Saknar også bruktbutikk med klede eller fleire byte-arrangement etter arbeidstid. Fleire dagar med ope tak på kunstmuseet. Badstove sentralt i Førde, så kan ein arrangere bading heile vinteren.»
«Eit gratis utestad som alle kan kome inn på. Kanskje Pikant og Kjenn Itte er desse plassane, men eg føler at sentrum rundt handelshusa burde hatt eit slikt stad. Og gjerne ein stad som har opent på kveldane, til dømes fram til 22.00, på kvardagane, som utan å sette aldersgrense kan likevel vere ein naturleg møteplass for unge vaksne som berre vil treffast og pratast med andre unge vaksne i alderen 20–40. Ok viktig: denne staden bør ha aktivitetar tilgjengeleg, som til dømes brettspel, shuffleboards, arkademaskiner og dansegolv (sjå til Tilt i Oslo, til dømes. Meir artig utestad for vaksne finn ein ikkje).»
«Eit torg eller ein samlingsstad med kiosk, paviljong, leikeplass, kafé med uteservering og gjerne med eit vass-spegel. Sjølvsagt fri for trafikk og med planta tre og mykje grønt. Ein plass der det er sjølvsagt å etablere torgdagar, bruksmarknad, konsertar, gatefest og liknande.»
«Ein stad ein kan ta eit glas vin og treffe folk, med enkel og billig mat som og studentar har råd til. Ein stad med faste ting som skjer kvar veke så ein veit at det er dart-turnering kvar tysdag og livemusikk kvar torsdag eller noko. Saknar og ein triveleg gatestrekke ein kan kalle sentrum. Eller kvar med eit torg der ein finn pub, mat, uteservering, nokre butikkar og kafé?»
«Badeplass på sommaren, skøyteplass på vinteren. Nokre store, fine felles leikeplassar i staden for mange bitte små. Gjerne i tilknyting sentrum eller Hafstadparken, og/eller badeplass. Då kan dei fungere som samlingsplassar for barnefamiliar med barn i ulik alder.»
Kva type møteplassar tenkjer du vi treng for å gjere det enkelt for tilflyttarar å få nettverk/vener?
Her er eit knippe svar frå undersøkinga:
- «Ha aktivitetstilbod der du ikkje må ha kjenningar for å delta. De fleste aktivitetar i dag føreset at du har venner/kjenningar som du tar med på aktiviteten. U40 er genialt, men også aktivitetstilbod som biljard, sjakk, innefotball, tennis, shuffleboard, quiz, dart med meir. Stader der det i ny og ne arrangerast «bli kjent dag» der ein kan møte andre folk. Mange av desse aktivitetane finnast i Førde, men ein må bruke dei meir aktivt for å få personar med lite nettverk til å ta dei i bruk. Dette kan vere et samarbeid mellom aktørar i næringslivet og ulike idrettslag. Informasjonsbrosjyre, både digitalt og i papirformat, som fortel kva aktivitetar som finnast i Førde, både for barn, ungdom og vaksne, innan både idrett, kultur og anna. Største utfordringa for tilflyttarar er at de ikkje kjenner til aktivitetane.»
«Det aller første steget er å få tilgang til informasjon om det som allereie skjer utan å måtte vite kva Facebook-grupper ein må vere med i for å få informasjonen.»
«Gjentakande aktivitetar som quiz eller padeltennis eller improteater eller kva som helst, berre det skjer kvar veke, eller kvar vekedag, eller kvar helg. Eit stad i sentrum for studentane. Og få ut informasjon om kvar tilbod som finst, eg veit ikkje kva som skjer visst ikkje eg høyrer om det frå vener.»
«Ein pub (som ikkje er Larris, det er meir konsertstad), klubbar som danseklubb, vinklubb, matlagingsklubb, musikklubb. Og ikkje minst god informasjon om desse og alt som skjer i Førde. Har ikkje peiling sjølv på kvar ein finn slik info, og eg bur jo her. Ein tilflyttar finn jo ikkje ut av det og har kanskje ikkje nokon å spørje. U40 er topp, men kva med dei som er over 40?»
«Kafear er det nok av, ein pub trengst. Pub med spelkveld, dart, trubadur osv. Og Førde må verkeleg få seg Squashbane og Paddel. Enkelt å dra med ein ny venn på. Elles er U40 arrangementa veldig bra, men for at ein faktisk skal få eit nettverk når ein kjem heilt aleine kan U40 også «pushe» endå meir på det trur eg. Mange møter nok opp med venner frå før der òg, kanskje det kan vere fleire kurs ein kan gå på. Sykurs, målarkurs, keramikkurs, matkurs.»
Korleis kan vi få folk i Sunnfjord til å bruke Førde sentrum meir?
Her er eit knippe svar frå undersøkinga:
«Det blir nok lettare når det ikkje ser ut som ein byggeplass. I dag manglar det eit naturleg stad å gå å henge som ung voksen i livsfasen mellom studietid og barnefamilietid om ein ikkje klatrar. Estetisk sett er ikkje Førde sentrum eit stad det kjennast naturleg å henge i.»
«At vi faktisk får eit sentrum. Ein strekning med fleire pubar og restaurantar og butikkar eller noko, der det er kjekt å gå og det skjer ting. Utvikling av området frå Kjenn Itte til Pikant og litt oppover ville vore perfekt, nær Larris er det jo berre store handelshus. Og info, folk må få vite om det som faktisk skjer her. Ein app eller nettside eller iallfall noko marknadsføring. Og bussar som går til fornuftige tider slik at ein kan ta bussen heim klokka 23 på ein vekedag og ikkje treng å køyre.»
«Aktivitetar må inn til sentrum. No byggast det masse leilegheiter i sentrum. Då må det også opprettast tilbod i sentrum. Bowlinga kan ikkje vere gøymt på Halbrendsøyra. Klartingen kan ikkje vere på Vie. Vi som bur i Slåttebakkane gidd ikkje å dra på klatreparken på Vie. Sjå til Oslo når det gjeld bibliotek: lag biblioteket til ein møteplass, inn med kaffibar og køyr på med arrangement. Kontakt spennande bedrifter i Førde og omland og lag temakveldar der dei presenterer seg sjølv.»
«Sentrum er eit bilkryss. Voss, Florø osv. har meir sentrumsfølelse enn Førde. Burde fått ei slags gågate ev. einvegskøyrt gate med kafear og butikkar. To kjøpesenter i sentrum er galskap på ein så liten plass.»
«Betre kollektivtransport til og frå Førde på kveldstid. Det er vanskeleg å planlegge ein kveld med middag og vin utan at ein person må køyre (ev. ordne sjåfør).»
Kva tenkjer du er det viktigaste som må til for å få opp aktiviteten i Førde sentrum?
Her er eit knippe svar frå undersøkinga:
«Haldningsendring. Få ballen til å rulle, trur Sunnfjord U40 har inspirert veldig. Lage ein heilskapleg plan, og ikkje klatte eit og eit element strødd over heile byen. Bygge eit område for familiar rundt verftet, og eit i Hafstadparken. Må også ha noko i sentrum, t.d. på Sørsida. Gjerde inn leikeområde utanfor Kardemomme, ha sitteplassar ute. Dra denne gata med ulike tilbod og attraksjonar bort mot Festplassen. Skape også innandørs møteplassar her, som kanskje ikkje treng å koste så mykje. Mini skatepark under rådhuset? Kanskje hente inspirasjon frå byar i inn/utland som har fått dette til på ein god måte.»
«Heilt ærleg trur eg ikkje vi manglar så mykje tilbod, eg trur det handlar meir om at Førde sentrum saknar atmosfære og sjarm. Det er ikkje hyggeleg å gå i sentrum fordi det ikkje er hyggelege omgivnadar. Vi har i grunn nok av butikkar, kafear osv.»
«Det må skapast ein kultur for å dra ut i Førde. Få bedrifter til å lage sosiale arrangement som dei tilsette er med på. Førdianarane drar ikkje ut aleine, men eg trur trikset er å lokke folk ut via jobben. Lag infomøte på Peak.»
«Eit trivelegare sentrum, bra kollektivtilbod, kanskje ein kampanje for å få folk til å bruke sentrum meir. Og fleire lågterskeltilbod som er faste, konsertar er topp, men ein kan ikkje gå på konsert kvar veke. Og info, info, info.»
«Penare sentrum. Blomar, planter, grønt, dekorasjonar.»