– Vi ser at Russland tek større risiko. Krigen i Ukraina og sanksjonar har gjort det vanskelegare å hente inn informasjon enn før, seier assisterande PST-sjef Hedvig Moe på ein pressekonferanse onsdag.
Ho seier ein ventar seg like høgt trykk frå russisk etterretning i Noreg som før, men at dei no truleg vil endre metodane sine.
– Vi ser særleg for oss meir offensiv bruk av digitale verkemiddel, særleg nettverksoperasjonar, og meir bruk av menneskelege kjelder. Dei må kompensere for informasjon dei no går glipp av, seier Moe.
Den assisterande PST-sjefen peikar på at sanksjonane mellom anna gjer det vanskelegare for russiske etterretningsoffiserar å operere på konferansar og andre fora der dei har vore til stades tidlegare.
– Faren for ein sabotasjeaksjon er større enn før krigen starta i Ukraina. Men det er samtidig viktig å understreke at vi ser på ein sabotasjeaksjon som eit verstefallsscenario, seier assisterande PST-sjef Hedvig Moe.
– Ikkje sannsynleg
Sabotasjeaksjonar blir ikkje per i dag rekna som sannsynleg, anslår PST.
– Men det kan likevel ikkje bli sett bort frå i ein situasjon med høg spenning og med eit trusselbilete som kan endre seg raskt, understrekar ho.
Dersom det skulle komme ein sabotasjeaksjon mot Noreg, så kan den anten vere fysisk eller digital, ifølgje Moe.
– Vi trur at ei eventuell handling vil bli gjennomført på ein slik måte at det vil bli krevjande å finne ut kven som står bak, og at dette gjerne også vil vere hensikta – at det blir vanskeleg å ansvarleggjere ein enkeltperson eller statleg aktør, seier ho.
Tek over etterforskinga
PST peikar på at alle personar som har informasjon eller innverknad som kan vere av verdi for Russland, må rekne med å bli utsette for etterretningsaktivitet.
– Det er eit punkt å vere obs på. Tilsette i kritisk infrastruktur må vere årvakne og melde frå om dei får spørsmål om arbeidet sitt og sensitiv informasjon frå uvedkommande. Det gjeld ikkje berre dei som sit sentralt her innanfor ring 3, men i heile landet, seier Moe.
Ho peikar på sektorar som olje og gass, kraft og telekom som kan vere av særleg interesse for Russland. PST peikar på at Russland tek større risiko i etterretningsaktiviteten sin i Noreg no.
– Vi er ikkje i krig, og det gjer at informasjon om kritisk infrastruktur og sårbarheiter blir ekstra interessant, seier Moe.
PST-toppen seier kvar enkelt innbyggjar har eit ansvar.
Pressekonferansen startar klokka 14.00.

Sikker på droneobservasjon ved Flesland
